Gardsbrenneriet – Handverksdestilleriet i Nordfjord 

 

God kjemi i eplehagen 

På NTNU oppstod det god kjemi då Synnøve og Jann mellom reagensrør og destillasjonskolonner oppdaga felles interesser for gardslivet. I 2010 tok dei over odelen på Synnøve sin familiegard i Nordfjord. 

I byrjinga var målet å oppretthalde den tradisjonsrike produksjonen av frukt, bær, krydder og grønsaker på garden. Raskt såg vi moglegheita for at vi med vår kjemibakgrunn, interesser for prosessindustri og erfaring frå næringsmiddelproduksjon kunne vidareutvikle gardsdrifta og skape vårt eige levebrød ved å vidareforedle avlinga til drikkevarer. 

I dag driv vi Gardsbrenneriet frå garden og lagar alkoholfri drikke, sider, likør og brennevin frå lokale kvalitetsråvarer på handverksmåten med moderne høgteknologisk småskalautstyr. Ein del av produksjonsutstyret har Jann designa og bygd sjølv fordi det ikkje var mogleg å tak i egna utstyr til den til dels kompliserte småskalaproduksjonen som vi ville drive med. Ein av dei mest kjende merkevarene våre er Frisider – alkoholfri handverksider. Hovudkundane våre er Vinmonopolet, daglegvarehandelen samt HORECA. 

Gardshistoria 

Gardsbrenneriet held til i Gloppen kommune på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypparlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker. Det er tradisjon for fruktdyrking på garden heilt tilbake til 1800-talet. I tillegg har det vore grønsaksproduksjon samt planteoppal av krydder- og grønsaksplantar for sal frå garden sidan 1930-talet.  

Haugeeple

Krinsen Hauge der garden ligg har sin eigen historiske eplesort. Kornelius Hauge ala fram Haugeeplet i 1880 åra. Det var ein kjend eplesort i Nordfjord og vart omtala i den norske pomologien frå 1939 som ein sort godt tilpassa til vårt indre fjordbygd klima. Det er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke til bruk i sider og eplebrennevin.Et bilde som inneholder tre, frukt, utendørs, eple

Dagens gardsdrift  

Vi har ein økologisk eplehage på nærare 4000 tre fordelt på ca. 20 eplesortar. Vi valde å pode epletrea sjølv. På den måten kunne vi lage tre av mange gamle lokale og historiske eplesortar som det ikkje er mogleg å kjøpe ferdigpoda tre av.  

I den økologiske rabarbrahagen har vi både gamle gode Viktoria og nyare typar «jordbærrabarbra» som er knall raude heilt gjennom og gjerne har lågare innhald av oksalsyre og ein søtare smak.  

Alt vi dyrkar av eple og rabarbra blir pressa til most/juice og vidareforedla til drikkevarer. Eple er hovudråvara vår og blir brukt til alt frå eplemost, eplegløgg, toddi, Frisider (alkoholfri handverksider), sider, likør og eplebrennevin. På eit godt år går det ca. 200 tonn eple frå eigen hage samt frå lokale epleprodusentar i Nordfjord gjennom fruktpressa vår.   

Økologisk marknadshage – Måneskinshagen 

Synnøve er oppvaksen med frukt- og grønsaksproduksjon på garden og i 2021 bestemte vi oss for å vidareføre tradisjonen med vår eigen vri. Vi la om til økologisk drift og bygger no opp Måneskinshagen – ein kombinert krydder- og grønsakhage som fokuserer på dyrking av vekstar til bruk i Gardsbrenneriet sine drikkevarer. I tillegg dyrkar vi mindre mengder grønsaker for lokalt sal på Bondens Marknad og REKO. 

Vi dyrkar krydderurter både på friland og hagetunell. Per i dag er største krydderproduksjonen dill til akevittdestillata våre. Andre eksempel på sjølvdyrka vekstar vi nyttar i drikkevarene våre er sitrongras, epleagurk, limebasilikum, sitronmelisse mandarina, sitronkoriander og bronsefennikel. 

Økologisk planteoppal 

Sidan 1930-talet har det vore oppal av grønsaksplantar på garden. Alle plantar som blir brukt i Måneskinshagen alar vi opp sjølve frå frø eller formeirar frå plantemateriale. I dag har vi eit omfattande økologisk planteoppal med over 50 ulike slag grønsaks- og krydderslag. I vårsesongen har vi sjølvbetjent planteutsal frå garden.  

«Dyrkediller» 

Val av råvarer til produkta våre har heile tida vore prega av kva som er mogleg å få tak i av kvalitetsråvarer i Nordfjord og ellers frå norsk landbruk. Den lange tradisjonen med planteoppal og grøntproduksjon på garden har gjeve oss interessa for å drive med forsøksdyrkefelt der vi testar ut nye vekstar for dyrking i vårt klima. Dette påverkar vårt val av ingrediensar i drikkevarene våre og vi ser nye bruksområde for vekstar som tidlegare ikkje har vore tenkt hensiktsmessig å dyrke i Nordfjord. Eksempelvis dyrkar vi no gamle nordiske sukkerbetesortar for pressing til sukkerhaldig juice for vidare fermentering og destillering til drikkevarer. 

Sider frå Nordfjord 

Vi haustar inn eple frå eigen gard og får i tillegg levert eple frå andre lokale bønder i Nordfjord. Vi har eige presseri på garden der epla blir pressa til eplemost.  

Gardsbrenneriet gjer sjølv heile prosessen frå plukking av eple til tapping på flasker og pasteurisering  ved hjelp av småskala tankar og semiautomatisert produksjonsutstyr.  

Handverksdestilleriet  

Gardsbrenneriet fekk tilvirkertillatelse for produksjon av alkoholhaldige produkt i 2013 og lanserte første produktet hos Vinmonopolet i 2015. I 2018 fekk Gardsbrenneriet bedriftsutviklingsmidlar frå Innovasjon Norge til å utvikle brennevin basert på biproduktet myse frå norsk osteproduksjon og har lansert gin basert på mysebrennevin. 

Produktporteføljen har blitt stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene frå norsk landbruk står i fokus. Fruktmostar, kullsyreholdig eplemost, gløgg, toddi, alkoholfri sider, handverksbrus, briskeøl, handverkstonics, sider, hard seltzer, handverkscocktails, frukt- og bær likørar, vodka, gin, akevitt og fruktbrennevin. 

I tillegg til det vi dyrkar sjølv på garden vår blir mesteparten av frukta, bæra og andre vekstar som vert nytta i produkta levert frå lokale produsentar i Nordfjord eller sanka inn frå den frodige vestlandsnaturen.  

Kvalitet i alle ledd 

Som kjemikarar er vi over snittet interessert i analyseinstrument. I 2020 kjøpte vi som tredje brenneri i Norge Anton Paar sitt analyseinstrument for etanolmåling, eit innkjøp som var heilt vanvittig og slett ikkje økonomisk forsvarleg i forhold til størrelsen på bedrifta på det tidspunktet. 

Dette ga oss imidlertid full kontroll på gjæringsprosessane og moglegheita til å detaljstyre alkoholprosenten i produkta våre. Dette gjorde at vi kunne lansere alkoholfri sider basert på prinsippet at gjæringa blir stoppa før det vert danna alkohol i sideren. Saman med fokuset på norske kvalitetsråvarer har den kontrollerte produksjonsprosessen vore nøkkelen til den positive bedriftsutviklinga. Kombinert med vår tekniske kompetanse frå kjemisk industri har instrumentet sikra god kvalitet ved at vi i produktutviklinga og i produksjonen tek fortløpande analyseprøver for å verifisere at prosessane går slik vi på førehand har teoretisk berekna. 

Kortreist og småskala = Bærekraft  

Vi nyttar ukurante råvarer som eple, plomer og morellar som blir utsortert og ikkje kan seljast som konsumfrukt på grunn av skjønnhetsfeil og kort haldbarheit. Smaken er det ingenting i vegen med og frukta blir til nydeleg drikke. Vi nyttar lokale råvarer og leverandørar der det er mogleg og forsøker på den måten å halde transportbehovet nede. Tørrstoffet frå eplepressinga blir per i dag langtidskompostert. Vi har eit spennande prosjekt der vi ser på ulike måtar å nytte avfallet på frå rankekompostering for omdanning til matjord og til biogassproduksjon. 

Opplev Gardsbrenneriet 

I vårsesongen er det sjølvbetjent utsal av økologiske oppalsplantar frå garden. 

I sommar/haustsesongen tilbyr vi økologiske grønsaker og kryddervekstar på lokal REKO samt Bondens Marknad. 

Vi tilbyr omvisning i produksjonen og smaking av produkta våre. Etter omvisning er det mogleg å handle i butikken vår. Der får du kjøpt våre fruktmostar, eplegløgg, toddi, sukkerøl, handverksbrus, alkoholfri sider, handverkstonics, sider og hard seltzer. Desse produkta kan du også ellers få kjøpt i daglegvarehandelen.  

Høgalkoholprodukta våre som likørar, fruktbrennevin, gin og akevitt er til sals hos Vinmonopolet. 

Gardsbrenneriet er gjennom året med på mange festivalar og arrangement der det er mogleg å treffe oss på stand og smake på produkta våre. Følg med på heimesida vår samt sosiale medier for oppdatert oversikt over dette.

Denne siden bruker Cookies

Ok!